Christian Moltu

Christian Moltu er psykologspesialist ved Helse Førde, og professor II ved Høgskulen på Vestlandet og ved Universitetet i Bergen. Han leiar ei forskingsgruppe for psykisk helse og rus, med seks pågåande doktorgradsprosjekt, ulike post.doc-prosjekt og større prosjekt frå Noregs forskingsråd og andre finansieringskjelder. Moltu har forska på psykoterapiprosessar, og har dei seinare åra utvikla kliniske tilbakemeldingssystem med mål om å betre måle og utvikle effekten av standard klinisk praksis. NORSE-systemet som forskingsgruppa har utvikla, har motteke prisar og er i bruk i fleire andre helsekontekstar og vekker interesse internasjonalt, spesielt med tanke på at det er persontilpassa til den einskilde pasienten.